MANGE PÅ SNØGUDSTENESTA
(18.02.08) Det har blitt tradisjon med gudsteneste under Snoformingsfestivalen i Vinje.Sundag var det mange som lydde messe på Hotelltomta i Åmot.Fyrste helga i vinterferien skipar Vinje og Rauland til ei felles gudsteneste i Åmot. Ellers var det mykje liv i Åmot gjennom heile helga. Små og store laga dei flottaste skulpturar i snø, og det var mange kulturelle innslag. Midt i det heile vart det halde messe. Under årets gudsteneste gledde Vinje Songlag og Karstein Brekke med song. Vegard Omdal trakterte orgelet. Nina Svendsen las teksta frå Lukas 7 om kvinna som fekk mykje tilgjeve, og difor kunne syne stor kjærleik. Preika var ved prostidiakonen. Ellers var det som vanleg nattverd med intiksjon og ofring til Fasteaksjonen
Bilde: Frå nttverdfeiringa.
|