BISKOPEN PÅ PILEGRIMSVANDRING VESTOVER
(10.02.08) Biskop Olav Skjevesland i Agder og Telemark vert med på den fyrste dagen av årets pilegrimsvandring.Det er klart for ny pilegrimsvandring mellom Seljord og Røldal. For seks år sidan leia Rolf Synnes, no pilegrimsprest i Nidaros, den aller fyrste organiserte vandringa vestover. Sidan overtok Vest-Telemark Museum og prosjektleiar Una Høydal ansvaret for ein årleg tur. No er turane eit samarbeidsprosjekt mellom museet, historielaga og kyrkja. I fjor kom det og ei vegbok, slik at folk kan finne fram på eigen hand.
På den organiserte vandringa er det plass til 35-40 menneske. Pilegrimsturen startar med ei utsendingsmesse i Seljord kyrkje torsdag 26.juni 2008.kl.11. Under utsendingsgudstenesta deltek biskop Olav Skjevesland, som har med seg vandringsko og vil bli med noko av den fyrste dagen. Pilegrimane kjem til Røldal fredag 4.juli. Turen er på vel 160 kilometer.
Interesserte kan vende seg til Una Høydal ved Vest-Telemark Museum 35077331/90964581 E-post: ugh@vest-telemark.museum.no
|