JUBILEUMSKRIFTET ER FRAMLEIS Å FÅ
Våren 2005 feira Prostidiakonatet i Vest Telemark 20 år.I samband med dette jubilet vart det gjeve ut ei bok om stillinga og mannen bakom; Diakon Gotfred Rekkebo. Boka er framleis å få.Diakon Gotfred Rekkebo kom på slutten av nitten syttitalet med ideen om prostidiakonstillinga. Den gongen arbeidde han som soknediakon i Nissedal. Men før det hadde han og kona Rannei mange år bak seg i Austen. Den lengste tida i Sør-Korea. På slutten av Korea-åra arbeidd han med oppbygginga av diakonien i landet. Boka "Diakon Gotfred Rekkebo- heimføding og verdsborgar. (2005) tek for seg livet til dette uregelrette verbet frå Buvika i Trøndelag.
Ho kan tingast hjå Kyrkjelydskontoret i Tokke, 3880 Dalen - telefon 35077188- eller hjå Prostidiakonen i Vest-Telemark 91113580,
Boka kostar hundre kroner. Porto kjem i tillegg.
|