Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
TILBOD OM SOKNEBOD

TILBOD OM SOKNEBOD Om ein ikkje kjem seg til kyrkja for å ta imot nattverd- vil gjerne kyrkja koma ut til folk.Soknebod er eit anna ord for nattverd utafor kyrkjeromet.

 

Jeg talte om Gleden i Haabet

Om Trøsten i Jesu Død

Om Naaden i Angers-Raabet

Og Hvilen i Abrahams skjød

Som Ordet da vederkveger

Og stiller de bitre Savn

Saa vied jeg Brød og Beger

Til Natverd i Herrens Navn

 

(Magnus Brostrup Landstad i diktet Soknebod. Det handlar om ei reise til Åmotsdal med nattverd til ein døyande)

Det er mange menneske som lengtar etter det fellesskapet som gudstenesta gjev. Men sjukdom og andre grunnar gjer at det kan vera vanskeleg å koma til kyrkja. Så blir det å høyre gudstenesta i i radioen. Men nattverdbordet kjem ein ikkje til.

Soknebod er at prest eller diakon kjem dit folk bur- anten det er heime, sjukeheim eller institusjon for å feire nattverd. Ofte tenker ein at dette er noko som skjer på slutten av livet. Men nattverd gjennom soknebod kan og skje i anna samanheng. Det kan vera mange grunnar til at folk ikkje kjem til kyrkje.

Soknebod følgjer ein eigen liturgi. Med bøner og innstiftingsord for nattverd. Gjerne og salmer eller bibellesing – om det høver.

Ved soknebod kan det vera fleire tilstades hjå den som har bedt om å få nattverden. Det kan vera familiemedlemer, vener, granner eller andre som vil feire denne høgtid.

 

Vil du ha soknebod. Kontakt prestane eller prostidiakonen.(91113580)

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no