DIAKONI 30 ÅR
VEST TELEMARK
MODELLEN EIT BIDRAG TIL DIAKONIHISTORIE
Sidan 1985 har
det vore prostidiakon i Vest-Telemark. Dette skal markerast og feirast under
Diakonisamling for Vest-Telemark i
Nesland kyrkje fyrste sundagen etter påske .
Prostidiakonen
var eit samarbeid mellom det som den gangen var Vest-Telemark prosti,
kyrkjelydane i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal. Økonomien var
sikra gjennom eit godt samarbeid mellom dei fem kommunane og bispedømerådet.
Kommunane med eigne løyvingar, og bispedømerådet som formidla vidare eit
statleg tilskot. Seinare, etter at fellesråd kom inn i lovverket i 1996/97, er
det dei som har stått for dei lokale løyvingane, henta frå rammetilskota dei
får frå kommunane.
På dei tretti åra har det vore to tilsette,
Per Emanuelsen og Eilev Erikstein.Mange har æra for at det stillinga blei
realitet, men ein kjem ikkje utanom Gotfred Rekkebo, diakonen som slo seg ned i
Treungen saman med si Rannei. Han tenkte globalt, etter mange år om diakon i
Korea, og virka i det lokale. ”Bør vi kanskje alt nå sørge for at
Vest-Telemark prosti bør bli det første prostiet i landet med en egen
prostidiakoniarbeider” skreiv Gotfred i eit brev datert 7. november 1979, i
ei innkalling til det prostivise diakonikurset i Skafså 15. januar 1980. Fem år
seinare vart Per Emanuelsen innsett som Noregs først prostidiakon. Gotfred
hadde vyar om at det etter 20-25 år skulle vere prostidiakonar i alle norske
prosti.
Slik blei det
ikkje, men no når vi feirar tretti år med prostidiakonar er det etablert slike stillingar i fleire
bispedømmer i tillegg til dei tre i vårt eige bispedøme.
– Dette
trur eg er den klokaste måten ein kan jobbe diakonalt i store geografiske
område med relativt lite folk, meiner Erikstein om det han kallar ”eit
lite bidrag til norsk diakonihistorie”.
– Grasrotarbeidet, i sorg og kriser, den direkte
kontakten med folk, er framleis det viktigaste i diakonitenesta. Årsrapporten
hans ber preg av nettopp dette. Der har han registrert nesten fem hundre samtaler, vel 200 ulike saker.
Dei siste åra er mykje av arbeidet retta mot regionale institusjonar og
tiltak som har verdi for heile regionen, som til dømes verdiseminaret i Vinje,
pilegrimsvandringar, diakoniarbeid ved DPS i Seljord og fengselsdiakonien i
Fyresdal.

|