TI ÅR MED SÆRE SEMINAR
(4.10.139 Sidan 2004
(4.10.13) Sidan 2004 har Diakonatet i Vest-Telemark arrangert verdiseminar med tilskot frå Vinje kommune sitt kulturårshjul. Tema har vore vidfemnande, men det har vore eit mål å lyfte fram saker som ikkje andre tek opp
Verdiar i Vest-Telemark (2004), Frivillig innsats (2005), Vest-Telemark -fylla (2006), Klimaseminar – vern om skaparverket (2007), Inkluderande fellesskap ( 2008) og Nestekjærleik og menneskeverd (2009) ”Det gode liv i Vest-Telemark – fleip eller fakta?( 2010)
Hausten 2011 vart det for fyrste gong arrangert eit Verdiseminar for ungdomsskulane i Vinje kommune med tema :” Å velje rett”.
I fjor under bispevistasen i Vinje var tema ”Foreldreval og ungt ansvar? ”Alt i alt har sju hundre menneske delteke gjennom desse åra.
Årets tema ; Språk – ressurs eller Babels forvirring ?
Som også gjev høve til å markera Språkåret og 100 med kvinneleg stemmerett.
Så ønskjer me å løfte fram flest mogleg av dei mange språka som vert snakka i Vinje.
Svensk , dansk , engelsk, samisk spansk , polsk , somali,
Teiknspråk og sikkert mange som me ikkje kan namnet på.
Kor mange ulike språk og nasjonalitetar kan me samle denne
dagen?
Dei som elles deltek denne dagen er Arne Vinje, Stein Versto, Ellen Iris Lindvåg, Asgeir Sele og Astri Bye Ramberg. Musikken sørgjer familien Lamsodis for.
Seminaret er gratis. Det er inga påmelding, men ein berre med seg språket sitt og kjem.
Staden er altså Vinjehuset laurdag 2.november 2013 frå kl.11 til 14.
( Bildet Biskop Olav Skjevesland no biskop emeritus ,deltok på Verdiseminaret i 2012.
Sjå elles nettsida til Vest-Telemark.no
http://www.vest-telemark.no/OPPLEV/Spraakrikt-verdiseminar-i-Vinjeom Verdiseminaret 2013
|