FEST OG BOT
( 27.10.12)FEST PÅ BOTS – OG BØNEDAGEN
Bots- og bønedagen er vel ikkje akkurat kjent som nokon festdag i Kyrkjeåret. Men Diakoniens Dag for Vinje og Nesland vart likevel rett så triveleg. 28 menneske var samla. Her såg ein folk frå Rauland og Dalen, fem konfirmantar vart presentert og fekk Bibel. Konfirmant foreldra sytte for kyrkjekaffi. Til sist på kyrkjekaffien fekk Nina Svendsen ( biletet) ei lita rose for si store friviljuge innsats for kyrkjelydane i Vinje.
|