Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
GÅ UT !

GÅ UT ! ( 24.09.12) Sundag var det noko for kropp og sjel i Skafså kyrkje. Misjonsdagen starta med ei pilrgrimsvandrings langs Gamleveg mot Sing-Sing i Skafså.

"Gå ut ", var det var det siste han sa til læresveinane. Det siste store  oppdraget dei  fekk av meisteren. Lite var det heller ikkje. Og ein kan godt undrast kva slags tillit han hadde til at dei skulle klare det. Desse praktiske karane med  fiskar og handverksbakgrunn vart sendt ut i den store verda for å forkynne Guds rike.

”Gå  difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, ”sa Jesus.  Så spreidde evangeliet seg kring heile verda. Små og redde var dei ofte, men gjekk gjorde dei. Og det er kanskje det sikraste ein kan seie om trua: At ho sit i beina. Så må berre orda bli omsette i handling.

Sundag  fekk  ein synt at tanken om å bringe evangeliet vidare ikkje har  stoppa opp. Kyrkjelyden i Eidsborg, Mo og Skafså  underteikne si misjonsavtale med Norsk Misjonsselskap i Skafså kyrkje.

I førekant av gudstenesta fekk ein i praksis sette ” evangeliet i handling” gjennom ei pilegrimsvandring langs den gamle vegen mot Åmdals Verk frå 1875.

Ei vandring for alle som vil ha ein liten smak på pilegrimslivet. Her er  Gunstein Seltveit  røynd kjentmann. Førti menneske deltok her saman med prdikant for dagen Svein Arve Egeland, misjonskonsulent ved Bispedømmekontoret i Kristiansand ig Jorunn Lien frå NMS. Liturg under gudstenesta var sokneprest Jarle Bryne.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no