Å VANDRE I MÅL
( 27.08.12) Fem dagars håpsvandring er over. Mange gode opplevingar har det blitt. Nye vensksap er det blitt og kanskje ørlite meir tru på eigne krefter.
Då siste dagen starta var med 37 . Framme i Røldal var me blitt 56.
- Fyrst og fremst er det dei venlege andleta som sit at hjå med frå vandringa, sa ei til meg utanfor kyrkja.
Vandringa let seg gjennomføre takk vera mykje positiv støtte og dugnadsinnsatsen frå dei som arbeider med psykisk helse i Vest-Telemark, middagslaginga til KVITO , samarbeidet med " Pilegrimsvegen til Røldal" og sponsinga frå Telemark Utviklingsfond.
Neste år startar vandring måndag 19. august og kjem til Røldal 23.
Biletet: Pilegrimsgjengen framom Røldalskyrkje. Bielet teke av dagens klokkar Birger Bergsbakken.
Rapporten frå vandringa finn du her.
Vil ein lese meir om vandringa, kan ein logge seg på Kine Aune sin blogg:
http://psykicklife.blogspot.no/
http://psykicklife.blogspot.no/
|