I SLUDD OG REGN TIL KYRKJA
( 14.05.12) Pilegrimsvegen mot Røldal vert etterkvart mykje nytta. I Vinje har konfirmantane ei mini-pilegrimsvandring mot Vinje kyrkje
Det sludda og regna då Vinje-konfirmantane debutera som pilegrimar. Medan gamledagars pilegrimar måtte gå i all slags vær, kunne konfirmantane denne gongen nøye seg med den siste bratte bakken opp mot kyrkja..
Inne i kyrkja la konfirmantane frå seg ein stein – eit symbol på det som er vondt og vanskeleg – og tente eit lys for alt ein har å takke for.
Pilegrimsvandringa er ein del av konfirmantida i Vinje, og gjev ungdomane eit høve til å bli kjent med pilegrimsvegen mot Røldal.
|