Gunstein Seltveit har vore ei drivkraft i mykje kyrkjeleg arbeid i Tokke i mange år. Ikkje minst ungdomsarbeid og fjellkyrkja i Skafså.
"Hadde alle vore som Gunstein haddde det ikkje vore mykje strid i verda, " sa ordførar Hilde Alice Vågslid som sin reaksjon på tildelinga. Eit godt besøkt diakonisamling fekk høyre gode ord frå redaktør i TA Ove Mellingen, helsing frå Sigvald O. Hansen og Hilde A. Vågslid. Samling starta med Jonny Cash-gudteneste. Kring 130 menneske var til stades på samlinga.
Les elles kva Vest-Telemark Blad skriv om Diakoniprisen:
http://www.vtb.no/vis.php?id=5587