HER VAR DET GODT Å VERA
( 21.03.12) - Her var det godt og vera, sa ein av deltakarane på pilegrimsseminaret på Gravin i Seljord i går. Femti menneske var samla for å dele røynsler med pilegrimsvandring. Mellom dei tema som vart teken opp var ; " Den gode sveitten " - om gleda vera i fysisk aktivitet.Elles " Pilegrim som prosess" og " Å vandre med freidig mot ". Dagen var eit samarbeid mellom diakonien og dei ulike psykisk helseavdelingane i Vest-Telemark. Kvar og ein av desse fekk høve til å fortelje litt om kva dei held på med.
Leiar for pilegrimsvegen til Røldal Ragnvald Christenson uttrykt stor glede over at pilegrimsvegen gjer folk godt.
( Bilde) :Mellom dei som delte sine pilegrimsrøynsler var Magnus Rinde og Lars Geving
|