VIKTIGE VERDISSAMTALER
( 30.01.12)Denne helga har det vore bispevisitas i Vinje/Nesland og Grunge. Biskopen har hatt eit imponerande program. Me er glade for at han noko ein gong ville vere med på Verdiseminaret, - på sin siste visitas som biskop.
Verdiseminaret 2012 hadde overskrift : Foreldreansvar og unges val. Prost Øyvind A. Jørgensen ønskte velkomnen, og instroduserte ordføraren i Vinje, Arne Vinje med gode ord. Etter ordføraren sine opningsord vart forsamlinga utfordra av konfirmantane Åshild A. Ringhus og Elisabeth Skårdal til aktive verdival. Marthe K. Nordjordet song, rektor ved Åmot skule Anders Sanvik snakka om å : Bygge sjølvstendige og trygge ungdomar," medan familieterapeut ved Øvrre Telemark Familiekontor Per Tore Iversen heldt eit førdreag om "Mot". Lensmann i Tokke og Fyresdal Bjørn Håvard Olsen delte nokre røynsler om oppbygging av konfliktar. Tilslutt oppsumerte biskop Olav Skjevesland, og var overrekt ein " Å vandre med håp" buff.( Bildet. Biskopen med sin nye buff. Bak kan ein skimte prosten Jørgensen,)
|