GODT NYTTÅR!
( 31.12.11) Det er tid for å takke. Takke for alt godt gjennom året. Takke fordi julenatta gav oss ei Frelsarbarn.Takke for alt godt samarbeid, alle treff og hjelpsame hender. Alt dette som er ei ein del av Guds andelet i verda.
-Nå er livet som mørkest for dere. Dere skal vite at vi er der for dere”, sa statsminister Jens Stolenberg i Oslo Domkirke rett etter terroren i sommar.
Jula er full av kjensler, glede og sakn. Sårbar synest å vera eit stikkord for høgtida me går inn i . Ekstra mange plassar er tomme denne jula. Men vona ligg i at ein likevel ikkje er åleine.
Eg likar ordet sårbar. Sjølv gåvene gjer oss sårbare. Tenk om eg ikkje har gjeve nok eller gåva ikkje passar? Sårbar vil eg helst ikkje vera sjølv! Men likevel det sårbar opnar for kontakt og nærver.
Det mest sårbare som finst, er eit lite barn. Det sårbar, vesle barnet nytta Gud til å koma med von, og orda om at ingen skal vera åleine lengre.
Med Jesus-barnet får Gud eit andlet i verda. Jesus syner oss kven Gud er. Og Det Heilage kjem ned på jorda.
Det heilage er ikkje berre inne i sjelas mystiske rom religiøse rom.
Det heilage er finne i det uvande. I brød og vin, i ei neve vatn. Det Heilage har med Jesus fødsel blanda seg i det sårbare og alminnelige. Gud blei menneske og tok bustad hjå oss.
Alt du har gitt oss Herre livet er i din hånd Kjærlighet er ditt vesen Lys og forklaret ånd.
Barnet det krybbefødte gav du oss og ditt ord. Nåden og kjærligheten over ditt alterbord.
Menneskebarnet leter etter de vises sten. Herren har alt i hånden, Herren vår Gud er én.
Hellige natt som gav oss Gud og hans kjærlighet. Ordet det krybbefødte, Ordet fra evighet.
Sjel du er funnet verdig. Himlen har åpent seg Hellige natt på jorden. Hellig er Herrens vei.
(Arnold Eidslott)
|