RAULAND BEST PÅ KVITSUND
( 14.11.11) Rauland vann fotballfinalen mot Dalen under laurdagens turneringskveld på Kvitsund.
Etter ein spennande fotballfinale mellom Dalen og Rauland, kunne raulandingane juble meste på Kvitsund laurdag kveld.
Turneringskvelden inneheld ulike turneringar og konkurransar. Bak Kvitsund- kvelden står lagsteama i Vest-Telemark under leiing av lagsdiakon Reidun Nødland og miljøarbeidarane ved Kvitsund Gymnas
Over seksti ungdom frå bygdene deltok. Frå Edland, Rauland, Åmot, Dalen, Høydalsmo og Kviteseid. Dette var fjerde gong ein arrangerte ei slik kveld. Kvelden vart avslutta med gudsteneste og pizza før Kvitsund - bussen kjørte ungdomane heim.
Bilde: Vinnarlaget frå Rauland: Håvard Myrekrok ( forsterkning frå Åmot) Sveinung Hansen Seltveit, Jeromh Dennis og Jostein Gardsteig Svalastoga.
|