DIAKONI-INFO TIL KYRJEVERJENE
(23.01.08)Det er stor aktivitet knytt til den nye Diakoniplanen. Kyrkjeverjene i Vest-Telemark har alt byrja å sjå på den nye planen som vart vedteken på haustens kyrkjemøte.
(21.01.8) Kyrkja har fått ny Diakoniplan frå på 1.januar 2008. Sist veke fekk kyrkjeverjene i Vest-Telemark ei kort innføring i den nye planen.
I vedtaket frå Kyrkjemøtet står det at fellesråda og kyrkjelydane har har ansvar for å skape rom og resursar for at planen kan bli eit nytt verkty for diakonien i kyrkja. Ikkje minst då med tanke på samarbeid med kommunar og offentlge organisajonar.
Informasjonen om Diakoniplanen gav også høve til å takke for økonomien som fellesråda legg i prostidiakonstillinga. Så er utfordringa framover å halde opp viljen til diakonal satsning i kyrkjelydar og stabar. Signala frå kyrkjeverjene var i alle fall at dei ville ta opp planen på møte med fellessråda. Det er visst det som heiter implementering- eller korleis sette ein god plan ut i livet.
Bilete:Desse kyrkjeverjene fekk diakoniplaninformasjon. Frå v. Ove Kjell Huvestad, Tokke, Jan Einar Eng, Kviteseid, Knut Våmartveit, Vinje Else Berit Mandt Gaaren, Fyresdal.
|