KVELD FOR NYINNFLYTTA
(17.01.08)Det er nokre års tradisjon for at kyrkja og kommunen i Tokke bed inn til bli-kjent-kveld.
Nye og gamle Tokke-buarar samla seg i kommunestyresalen på Dalen utan å gjere eit einaste vedtak anna enn at det er godt å møtast over ein kopp kaffi for å bli betre kjent.
For tida er det mykje snakk om nedgangen i folketalet i Vest-Telemark. Regionen treng fleire folk for å opprettehalde lvskraftige bygdemiljø. I Tokke har kyrkja og kommunen gjennom nokre år bede inn til til ei samling for nye innbyggarar i kommunen.
Det er næringsjefen i Tokke og prostidiakonen i Vest-Telemark som på denne måten ønsker å helse på nyinnflytta. Siste torsdag dukka det opp femten menneske til ei samtale om korleis det er å bu i Tokke. Samtale spente over tema som bunadstradisjonar og nytt kulturhus. Men mest om korleis ein ta vare og utvikle dei gode sidene ved Tokke-samfunnet.
Bilde: Næringssjef i Tokke Nils Gjerde koka kaffi til samlinga.
|