VANDRINGA OVER
(3.07.11)Årets pilegrimsvandring frå Vest-Telemark til Røldal er over. Fredag kom 22 pilegrimar fram til målet. Omlag femten stykk har gått heile vegen, men elles har ei rekkje dagsvandrarar vore med. Her er pilegrame samla framom Røldalskyrkja. Mange er og takk ved vandringas ende. Alle som har møtt oss. Kjentfolka frå Historielaga. Sokneråda i Seljord, Brunkeberg, Øyfjell, Vinje/Nesland og Røldal. Våre gode bagasjekøyrar Gunnar Åmyri, maten frå Halvor Nordal og kafèn i Haukeli og ikkje minst "sjova" Margit Gjørv. Ho har organisert vandringa på ein framifrå måte.
Så har Gud halde si hand over oss. Gjeve oss nådige augneblikk langs vegen. Ingen ulukker kom over oss og folket let vel om dei dei såg og høyrte.
|