Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
PILEGRIMSBOK FRÅ VEST-TELEMARK

PILEGRIMSBOK FRÅ VEST-TELEMARK (10.01.08) Boka "Fann eg dei stigar" fortel om pilegrimsvegen frå Seljord til Røldal.

Det er stor interesse for pilegrimsvandringar for tida. Kvart år går hundre tusen menneske til Santiago del Compostela i Spania. Mange bøker er skrive om den turen. Frå Vest Telemark går det gamle vegar til Røldal. Dei siste åra har det vore organiserte vandringar langs desse vegane No har sjølve pilegrimsvegen  frå Seljord til Røldal fått si bok. Prosjektleiar for pilegrimsarbeidet ved Vest-Telemark Museum Una Høydal kom i sommar ut med ei kulturhistorisk vandringsbok kalla "Fann eg dei stigar."Boka er laga etter vegbokprinsippet. Her er gode kart, avstandstabellar iog enkle vandringsmeditasjonar for kvar av dei ni dagane turen er meint å vare. 

Med denne boka er turen grei å gå på eigen hand.
Og vandringa kan starte i stresslessen.

Una Høydal:  Fann eg dei stigar .
Pilegrimsvegen frå Vest-Telemark til Røldal. Ei kulturhistorisk vandringsbok.(2007)

Utgjevar: Styringsgruppa for "Pilegrimen".


Boka kan kjøpast i bokhandelen eller hjå Vest-Telemark Museum, Eidsborg, 3880 Dalen

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no