ALT I EITT
( 1.04.11)Påske er kyrkjetid. Men det er ikkje alltid like lett å for turistane å finne ut kor det er gudstenester. No er det problemet løyst. Gjennom eit samarbeid mellom prost, prostidiakon og kyrkjeverjene i Vest-Telemark er alle påaskas messser å finne i heftet " Påska 2011 i Vest-Telemark prosti."Kyrkjeverja i Tokke Ove Kjell Huvestad har lagt ned eit stort arbeid i produksjinen av heftet. Heftet vert lagt på butikkar, turistinformasjonar, kyrkjer og turistsader. Ved sidan av gudstenestene er det ein tekstmeditasjon for kvar av påskas heilagdagar.
Bilde: Ein del av kyrkjerjene som står bak utgjevinga.
Sjå elles www.tokke.kommune.no for nedlasting av heftet
|