FASTEAKSJONEN IGANG
( 14.03.11) Kirkens Nødhjelps fasteaksjon starta opp i Fyresdal sundag kveld. Nesten hundre menneske var samla til Jonny Cash-messe i Moland kyrkje. Ved utgangen var ein møtt av Kirkens Nødhjelp-bøsser.Under gudstenesta nytta ein Jonny Cash- sangar saman liturgiske ledd som tekstlesing, bøner og nattverd. Sindre Løvik hadde fått med seg Jan Gunnar Haugen, Karl Martin Draugedalen, Trygve Jarle Nederbø på divese instrument. Liturg var sokneprest Olav Jakob Tveit. Medan ein kar frå Skogsleiren var tekstlesar.
Under gudstenesta vart det bedt for dei jordskjelv og tsunamiramma i Japan. Sjølve innsamlingsdagen er tysdag 12.april.
|