FRÅ DRAUM TIL RØYNDOM
(14.01.08)Tema for årets Fasteaksjon er: Frå draum til røyndom. Dør-til-dør innsamlinga den 11.mars 2008 handlar om å skaffe pengar til å hjelpe barn og unge med krigs og terrortraumar.I 2007 kom det inn 220 000 frå Vest-Telemark.Fasteaksjonen er Norges største dør-til-dør-innsamling ved sida av TV-aksjonen. Konfirmantar og foreldre saman med sokneråda utgjer ryggrada i Fasteaksjonen.
Tysdagen før palmesundag er den faste dagen for innsamling til Kirkens Nødhjelp. Målet er at dei aller fleste hus i Vest-Telemark skal få besøk av ein bøsseberar.
Her er fjorårets resultat hjå dei sokna som hadde bøsseinnsamling.
Seljord Sokn 26 500,-
Åmotsdal Sokn 6000,-
Flatdal Sokn 12000,-
Eidsborg/Mo/Skafså Sokn 37 009,-
Høydalsmo/Lårdal Sokn
Vinje/Nesland Sokn 24320,-
Grunge Sokn 14204,-
Fyresdal Sokn 19317,-
Nissedal/Treungen 22370,-
Brunkeberg Sokn 9389,-
Fjågesund/Kilen Sokn 2170,-
Vrådal Sokn 5008,-
Kviteseid Sokn 18799,-
Møsstrond Sokn
Rauland Sokn 18598,-
Øyfjell Sokn 5742,-
Bilde: Slik kan det sjå ut når konfirmantane øver på bøssebering. Frå fjorårets konfimanttreff i Vinjehuset.
|