BLEI INFORMERT OM VEST-TELEMARK MODELLEN
( 5.1.11) Kyrkjeminister Rigmor Aasrud valte å starte det nye året i Telemark. I dag vitja ho Sauherad. Fyrste var det andakt på Bygdeheimen, før turen gjekk til Nes kyrkje og samtale om diakoni.
Livet som minister verkar hektisk.På sleipt vinterføre kjørte minister og følgje frå Skien til Heddal.Med tidspress alle stader. Dessto flottare var det å få møte ein velinformert og triveleg statsråd.
I Nes kyrkje fekk Rigmor Aasrud høyre om to ulike måtar å arbeide som diakon på : Ein sokne- og ein prostimodell. Ein fellesnemnar er likevel den breie samfunnskontakten.
Ministeren fekk kjapt høyre om føremonane ved Vest-Telemark Modellen. Seks små punkter. Elles deltok biskop Olav Skjevesland, stortingsrepresentane frå Vest-Telemark Lene Vågslid og Sigvald Oppebøen Hansen.
•1. FAG MØTER GRASROT
•2. SAMKØYRING OG FELLESOPPLEGG
•3. SLENTRE UTAN KONTOR
•4. INFORMASJON
•5. NÆR -MEN IKKJE FOR NÆR
•6. SYNERGIEFFEKTAR
Bilde: Soknediakon Ivar Solbu informer statsråden. Bak Rigmor Assrud ser ein Sigvald O. Hansen, Olav Skjevesland og Sauherad-ordførar Hans Sundsvalen.
|