TALE UTAN FILTER
( 18.12.10) Nedtellinga går alt raskare, men kankje ikkje for dei som har venta på Messias heile livet. I dagens tekst talar far til Døyparen Johannes profetisk.
Far til Johannes Døyparen, Sakarja vart fylt av den Heilage Ande står det. Då høyrdes det slik ut:
68 «Lova vere Herren, Israels Gud, for han såg til sitt folk og har løyst det. 69 Han har reist for oss eit horn til frelse i sin tenar Davids hus, 70 så som han lova frå gamle tider ved munnen til sine heilage profetar: 71 å frelsa oss frå våre fiendar og frå handa åt alle dei som hatar oss. 72 Han synte miskunn mot våre fedrar og kom i hug den heilage pakta, 73 den eid han gav som lovnad til Abraham, vår stamfar, 74 så vi, frelste frå fiendehand og utan otte, kan tena han 75 i reinleik og rettferd for hans åsyn alle våre dagar. 76 Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste, for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar 77 og læra folket hans å kjenna frelsa, at deira synder blir tilgjevne, 78 for vår Gud er rik på miskunn. Og slik skal lyset frå det høge gjesta oss som ein soloppgang 79 og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge, og styra våre føter inn på fredens veg.»
80 Og guten voks og vart sterk i ånda. Han heldt seg i øydemarka til den dagen han skulle stiga fram for Israel.
(Lukas 1, 67-80)
|