FRYKT IKKJE
( 17.12.10) Gode ord å få med seg i dag. Frykt ikkje!
Det er nokre gjennomgåande ord i Bibelen: Frykt ikkje, er av dei. Orda blir ofte uttala av englar. Slik og o dagens tekst. Den gamle presten Sakarja hadde eit intenst ønske om oppleve at Messias. Ein engel kjem med lysande store ord. Sakraja skal bli far
«Ver ikkje redd, Sakarja! Gud har høyrt bøna di. Elisabet, kona di, skal føda deg ein son, og du skal gje han namnet Johannes. 14 Han skal bli til glede og fryd for deg, og mange skal gleda seg fordi han er fødd. 15 For han skal vera stor i Herrens auge. Vin og sterk drikk skal han ikkje smaka, og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den heilage ande. 16 Han skal få mange i Israel til å venda om til Herren, deira Gud. 17 Han skal gå føre Herren med same ånd og kraft som Elia hadde, og venda fedrehjarta til borna og gje ulydige det sinn som rettferdige har. Slik skal han gjera i stand for Herren eit folk som er vel førebudd
(Lukas1, 8-17)
|