Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
VEDTEKTER

VEDTEKTER Vedtekter for samarbeidet om diakoni i Vest-Telemark

 

1. Bakgrunn

Dei kyrkjelege fellesråda og sokneråda i  Fyresdal, Kviteseid, Tokke, Vinje og Nissedal samarbeider om ei diakonstilling.

Det er gjort bindande avtale om økonomisk samarbeid mellom fellesråda i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal (Inngått hausten 2002.) Avtalen legg grunnlaget for den praktiske organiseringa av diakonatet, arbeidsgjevaransvar og økonomi.

Det er sokneråda som etter Kyrkjelova har ansvar for diakonien – »Menighetsrådet har ansvar for at kirkelig undervisning, kirkemusikk og diakoni innarbeides og utvikles i soknet.» (§9)

Desse vedtektene legg rammene for det innhaldsmessige samarbeidet om diakoni i Vest-Telemark.


2. Formål

Diakonisamarbeidet i Vest-Telemark har som formål å innarbeide og utvikle diakoni i sokna i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid  og Fyresdal.


3. Styringsorgan – Årsmøte og styre


3.1. Årsmøtet er sett saman av 2 representantar frå kvart sokn i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid, Tokke og Vinje. Alle har stemmerett.

Prosten møter med stemmerett.

1 repr. frå bispedømerådet, kyrkjeverjene og sokneprestane i Vest Telemark prosti vert invitert med talerett.


3.2 Styret er sett saman av 3 leke styremedlemer valt av årsmøtet etter framlegg frå valnemnda. Prosten er sjølvskriven medlem.

Eit styremedlem vert valt av og mellom prestane i prostiet.

Styret konstituerar seg sjølv. Leiar vert valt kvart år.

2 varamedlemer vert valt av årsmøtet etter framlegg frå valnemnda.

Valperioden for valte styremedlemmer er to år. Det same gjeld varafolka.

4. Valnemnd

Valnemnda er sett saman av 3 leke medlemmer valt av årsmøtet etter framlegg frå valnemnda.

Valperioden for valnemnda er tre år. Kvart år går eitt medlem ut av nemnda medan ein vel eitt nytt medlem for tre år.


5. Årsmøtet skal

- møtast innan utgangen av april kvart år

- ta imot årsmelding frå styret og diakonen, til orientering

- ta imot revidert rekneskap, til orientering

- vedta framlegg til budsjett

- vedta retningsgjevande satsingsområde for diakoni i prostiet komande kalenderår

- velje styre og valnemnd

- handsame innkomne saker


6. Styret skal

- vere fellesskapets samarbeidsorgan i møte med arbeidsgivar

- vere ressursgruppe for diakonen

- ha økonomisk ansvar for diakonatet i tett samhandling med arbeidsgivar

- vere ansvarleg på vegne av dei samarbeidande sokneråda

- legge planer i samarbeid med diakonen og avgje årsmelding

- utarbeide budsjett i samarbeid med kyrkjeverja i Tokke kf

- dele ut diakoniprisen


7. Diakonipris

Det er utarbeidd eigne statuttar for utdeling av diakoniprisen.


Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no