Å SJÅ MED INNSIDA AV HJARTET
( 10.12.10) Tekst for den tiande dagen i desember finn ein her.
Døyparen Johannes var tydeleg og klar i tala. Her var det uttrykk som ormeyngel og ord til omvending. Skjedde ikkje det låg øksa alv ved rota. ” Kva skal vi gjera”, sa dei. Og Johannes sa - eller helst ropa det ut med høg stemme; ” Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat skal gjera det same.” Slik peikar han og på vår største utfordring i dag. Ei verd der alt for mange menneske svelt og ungar døyr av ufarlege sjukdomar, grunna urettvis fordeling. Med Jesus kjem ein som held fast at menneske heng saman. At alle har same verdi. Rundt om i verda er det mange som prøver å realisere rettferda ; Ein Liu Cha.-bo som skulle hatt Fredsprisen idag eller Ang-San -Su ski so heller ikke har fått henta utmerkinga enno.Og mange andre tusen kjempande menneske.
Vi er ingen del
Vi er det hele
Vi nærmer oss hverandre skritt for skritt
Jeg ser deg min venn
Og jeg kjenner meg igjen
Når jeg ser på deg med innsiden av hjertet mitt
( Ole Paus)
|