Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
LAT SOM OM DU LEVER

LAT SOM OM DU LEVER (Onsdag 8.12.10)

 

Ho kom med ein lapp ein dag. Grå og skrukkute etter ein omgang i vaskemaskina.. Måtte retta han ut. Enno då var skrifta vanskeleg å tyde. Men ho var ikkje i tvil. ” Her er orda som berga meg. Eg visste at ho hadde hatt ei djup sorg, og trudde på Gud, og tenkte at her hatt ho vel funne eit godt trøystar- ord frå Bibelen.

 

Men det var meir prosaisk enn det. Eit sitat frå den store amerikanske forfattaren John Steinbeck ( 1902-68)  var det som hadde halde henne i livet. ” Lat som om du lever og etter svært, ja svært lang tid, vil det være sant.” For meg vert det som å høyre den håpefulle teksta frå Jesaja

 

Herre vi ventar på deg

og fylgjer den veg du har fastsett.

Vi lengtar og stundar

Etter ditt namn.

Jes. 26,7-9

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no