ÒKKOS VEG
( 7.12.10) Bak luke sju handlar det om den evige infrastruktur.
Òkkkos eller vår veg, seier eldsjelene for pilegrimsvegen gjennom Vest-Telemark til Røldal. Gjennom ti år har dei rydda og merka dei nesten 200 kilometrane frå Seljord til Røldal. Kanskje gjev eit ord frå dagens tekst dei ei lita oppmuntring, og set arbeidet i perspektiv. ” Ryd veg for Herren, lag gjennom øydemarka ein kongeveg for vår Gud, står det hjå Jesaja.
Ved vegen gror det gjerne gras og blomar. Profeten kjem med ein bodskap til oss alle. Ein bodskap som oppmodar meg til å tenkje etter kva livet handlar om. Kva som er viktig . At det gjev meg òg ein smak av død, er heller ikkje så dumt i desse førjulstider.
”Alle menneske er som graset, og all deira herlegdom, som blomen på marka. Graset turkar bort og blomen visnar, når Herrens ande bles på dei. Ja, i sanning folk er som gras. Graset turkar bort og blomen visnar. Men ordet frå vår Gud står evig fast.”
( Jes. 40,1-8)
|