DET ER DEN DRAUMEN ME BER PÅ
( 5.12.10) Me er alt komen til 2.sundag i adevent og luke nummer fem.
Jula er berre nokre få veker unna. Og bibelteksten marar om dei siste tider. Teksta i dag er ikkje noko unnatak. ” Då skal de sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. Men når dette tek til å hende, då rett dykk opp og lyft hovudet. For utløysinga dykkar er nære.”
Så held Jesus fram med ei likning om fikentre og lauv som sprett. Men eg får fram eit diktbilde av den gamle gartnaren frå Ulvik Olav H. Hauge ( 1908-94). Han som samstundes har gjeve meg ei himmelbilde i diktet: De er den draumen me ber på. Men er er altså eit meir jordisk dikt om ein gamal stubbe.
Alt det mjuke
Har sopp og makk ete upp
Det harde , det seige, det knytte
stend att. Kvistane og vrideknutane
held han enno uppe.
( Morken stuv frå Dropar i austavind, 1966)
Handlar det ikkje då om å halde ut, rope sitt Kyrie og vona på nåden.
(Lukas 21,25-33)
|