Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
KALD KJÆRLEIK

KALD KJÆRLEIK ( Laurdag 4.12.10)Den fjerde adventstanken finn ein her.

 

Tekstordet for dagen er ikkje lysteleg lesing. Slik det sjeldan er, når det er snakk om dei siste tider. Kjærleiken er vorten kald, står det. Det bilde kan eg forstå i desse dagar. Temperaturen har ligge jamt på kring femten minus grader.

 

Då er berre ein ting å gjere. Kle seg på rett måte. Ull innerst og varme, romlege sko. Beina er viktigast å halde varm, sa ein gamal vest -telemarking til meg. – Frys ein der, kan ein gløyme å gjera noko godt. Det gode handlar jamt om å bevege seg. I dag faldar eg hendene med den gamle seljordingen Jørund Telnes ( 1845-92).

 

Gud med oss alle saman ver

Så Krist for alle lyser

Gud hjelpe dei som ute fer

Og dei som svelt og fryser.

 

(Jørund Telnes)

 

(Matteus 24,3-14)

 

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no