Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
ER DEI ALLTID SÅ SNILLE HER ?

ER DEI ALLTID SÅ SNILLE HER ? (Torsdag 2.12.10)Det er klart for den andre luka i adventskalenderen.

 

Det var under ei pilegrimsvandring. Ein god og sliten gjeng pilegrimar kom fram til Grunge kyrkje. Soknerådet stilte med gode rundstykke, og rikeleg med saft og kaffi. Etterkvart kom smila og kreftene attende rundt bordet. Ein naudsyn kvil på vegen mot Røldal. På veg utav kyrkja greip ein av vandrarane meg i armen, og kviskra: - Er dei alltid så snille i Vest-Telemark?

 

På det hadde eg vel ikkje så mykje svar. Men gleda meg over korleis ei raus mottaking feste seg i hjaret. For alt eg veit fortel enno pilegrimen historia frå Grunge kyrkje. Og eg lagar eg ei kvikk kobling inne i hovudet når eg les dagens bibelord frå 5.Mosebok. Kvart kornband eg ser på hus og gard i denne adventstida skal minne meg om mine utfordringar framover.Det held ikkje berre å vera snill med småfuglane. 

 

”Når du haustar inn kornet på åkeren din og gløymer eit kornband der, skal du ikkje gå attende og henta det. Innflyttarar, farlause og enkjer skal ha det.”

 

(5. Mos 24,17-22)

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no