Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
Å VANDRE MED HÅP- FOR TREDJE GONG

Å VANDRE MED HÅP- FOR TREDJE GONG ( 16.08.10) Neste måndag legg nye pilegrimsvandrar avgarde frå Vest-Telemark til Røldal. Samarbeidsprosjeket mellom psykiatri og diakoni er inne i sin tredje sesong. I år får me ein celeber medvandrar på siste etappe.



Gjennom Vest-Telemark går det ein pilegrimsveg mot Røldal.

I Røldal kyrkje hekk det eit krusifiks som folk valfarta langt innpå 1800-talet. Kvar jonsok sveitta krusifikset og denne sveitten var sagt å gjera folk frisk.

 

Denne vegen nyttar psykiatritenesta i Vest-Telemark, arbeidsmarknadsbedrifta Vi-To Kompetanse på Dalen, Distriktspsykiatriske Senter i Seljord og Prostidiakonen i Vest-Telemark til ei fem- dagars vandring frå Vinje til Røldal .I tillegg til dei som går heile turen, er det lagt opp til andre kan slutte seg til dagvandringar.

 

I år er det tredje gong prosjektet ” Å vandre med håp” tek over fjellet frå Vinje til Røldal.  

 

Pilegrimstradisjonen har mykje å gje menneske som ber ekstra tunge bører. Tradisjonen knyter saman åndeleg søken, helseforbetring og fysisk aktivitet til ein heilskapleg tankegang om livsforbetring.

 

Som ein sa etter ei vandring:”Førre års  pilegrimsvandring har skine som eit lite lys i meg gjennom  vinteren.

 

I år er prosjektet så heldig at helseminister Anne Grethe Strøm-Erichsen blir med på vandring  fredag 27.august. Denne etappen er om lag 12 kilometer , og går frå Svandalsflona til stavkyrkja i Røldal.

 

MÅNDAG 23. august 2010

Start frå Grunge kyrkje kl 15 . Overnatting Velemoen Camping, Edland

 

TYSDAG 24. august 2010

Avgang Velemoen Camping kl.8.30. Frukost Edland Skule .Overnatting og middag på Fjellstad i Vågsli

 

ONSDAG 25.august 2010

Avgang Vågsli kl.9.30.Overnatting på Fjellstad i Vågsli

 

TORSDAG 26. august 2010

Avgang kl.9.30

Over Dyrskard til Svandalsflona. Tilbake til Fjellstad i Vågsli for overnatting

 

FREDAG 27. august 2010

Avgang kl.09.30. Vandring frå Svandalsflona til Røldal.

 

 

 Bilde: Helse - og omsorgsminster Anne Grethe Strøm-Erichsen vert med på pilegrimsvandring frå Svandalsflona til Røldal fredag 27.08.10 ( Foto: Berit Roald)

 

 

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no