RÅD PÅ VANDRING
( 4.06.10)Det er aukande interesse pilegrimsvandringane frå Vest-telemark til Røldal. Sommarens pilegrimsvandring er mest fullteikna, og eldsjeler nymerkar i desse dagar vegen.Denne veka la Vest-Telemark Rådet ut på vandring.
Torsdag tredje juni gjekk Vest-Telemark Rådet ein bit av pilegrimsvegen frå Svandalsflona til kyrkja og krusifikset. Under entusiastisk leiing av leiar for ” Pilegrimsvegen til Røldal” Ragnvald Christenson frå Vinje fekk ordførarar og rådmenn ein liten smak av pilegrimslivet.
Regionordførar for Vest Telemark Anne Nora Oma Dahle utrykte stor takksemd og glede over samarbeidet om pilegrimsvegen. Her har ein funne ein unik kombinasjon mellom historielag, sokneråd, laget for Pilegrimsvegen og kyrkja. Dette er vel verdt å ta godt vare på, meinte rådsordføraren , som elles er ordførar i Nissedal kommune.
Elles var Telemark fylke representert ved varaordførar Lars Bjaadal og frå Agder og Telemark Bispedømme deltok Bjarne Nordhagen.
|