Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
KOM MED FRAMLEGG

KOM MED FRAMLEGG ( 1.03.10 ) Det har alt byrja å kome framlegg på kandidatar til årets Diakonipris. I fjor var det barne - og ungdomskoret Tusen Stjerner frå Tokke som fekk oppmuntringa. Sidan 1994 har Prostidiakonatet i Vest-Telemark delt ut Diakoniprisen for Vest-Telemark. Frist for innsending av grunngjevne framlegg er 22.mars 2010. Under finn ein retningsliner og tidlegare prisvinnarane.

 

 

 

1. Diakoniprisen for Vest-Telemark ,i denne samanhengen  Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal og Kviteseid, er til påskjøning og oppmuntring til grupper, foreninger eller lag som på ein særleg måte har vist diakonal omsorg, eller vore med på å bevisstgjere og motivere andre til diakonal innsats i Vest-Telemark.

2.Prisen kan unntaksvis delast ut til einskildpersonar. Same kandidat kan ikkje få prisen meir enn ein gong.

3. Kven som vil kan kome med framlegg til kandidatar. Styret ber om framlegg til kandidatar i annonse i kyrkjelydsblada samt i vest-Telemark Blad. Sokneråd, diakoniutval og kyrkjelege tilsette vert særskilt oppfordra til å kome med framlegg til kandidatar.

4. Val av kandidat vert gjort av styret for prostidiakonen. 

5. Utdeling av prisen bør skje i samband med den årlege diakonisamlinga for Vest-Telemark, vanlegvis i januar. Styret har fullmakt til å fastsette stad, tid og form for utdeling av prisen, samt kunngjering.

 

 (Vedteke av Styret for Prostidiakonatet 16.02.1993.)

Tidlegare Diakoniprisvinnarar

1994: Gotfred Rekkebo (post mortem)
1995: Vest-Telemark Blad
1996: Kirkens SOS i Telemark
1997: Nattcaféen i Treungen
1998: Anna Midtgård, Kviteseid
1999: Kari Veum, Nissedal
2000: Bjørn Hove, Møsstrond
2001: Kirsti og Magne Skjæveland, Kviteseid
2002: Diakonitenesta for skogsleiren i Fyresdal
2003: KFUM-speidarane i Vinje og Edland
2004: Waldenstrøm Kafe, Kviteseid
2005: Oddvar Ripegutu, Søgne
2006: Arthur Haugen, Tokke
2007; ”Ungdom hjelper ungdom.” Kvitsund-prosjekt som driv ungdomsklubbar i Vest-Telemark, Kviteseid

2008: Leif og Signe Sølyst, Fyresdal

2009: Tusen Stjerner, Tokke

2010: Else Ibrekk, Kviteseid

2011: Martha Tveit, Nissedal

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no