Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
EI LITE STYKKE KYRKJESOGE

EI LITE STYKKE KYRKJESOGE ( 7.01.10) Sundag er det 25 år sidan vigslinga av landets fyrste prostidiakon. Dette vert markert under Diakoniens Dag i Nissedal kyrkje.

 

 

Nissedal kyrkje var staden, og biskop Halvor Bergan leia handlinga. Prostidiakonstillinga vart fødd i hjå oss, og er eit lite Vest-Telemark tilskot til norsk kyrkjehistorie. I dag er det seks prostidiakonstillingar kring i landet. Per Emanulsen var prostidiakon i Vest-Telemark frå 1985-91. Den aller fyrste, men i 2002 byrja han i Otredal prosti, landets andre prostidiakonstillinga. Frå 1991 har underteikna hatt gode dagar som diakon i Vest-Telemark.

 

Det såg nok mange gonger mørkt ut for å få til ei prostidiakonstilling , men gruppa som arbeidde ho fram med diakon Gotfred Rekkebok ( 1911-93) frå Nissedal , var kreative og gode på lobbyverksemd. Rekkebo går som ein raud tråd gjennom arbeidet med stillinga.

 

Det vert fortalt at Gotfred ikkje nytta St. Olavs medaljen i utrengsmål. Men då han kom til Kyrkje - og Undervisningsdepartementet for be om pengar til stillinga - hadde han den vesle nåla på jakkeslaget.

 

Det var ein verkeleg festdag då dei fekk avtale med dåverande Kyrkje- og undervisningsminister Kjell Magne Bondevik under 350-års jubileum for Agder Bispedøme hausten 1984. Heile gruppa pressa seg inn i sminkegarderoben på Kristiansand Teater, og ministeren heiv truleg etter pusten og lova dei pengar til eit femårig prostidiakoniprosjekt.

 

Ein av Rekkebo sine metodar  å få gjennom ting på , var å snakka rett med dei som hadde noko å seie. Gå rett til topps - var slagordet. Difor vart og nettverk og kontaktar stort med åra. Rekkebo fekk kyrkja i Vest Telemark til å tru at ein kunne få fram noko nytt på diakonifronten. Sjølv tende han ideen, og trekte seg attende frå den praktiske utforminga.Men det var ein god dag for Gotfred då landets første prostidiakonstilling vart røyndom. Han ofra gjerne litt svevn for den store  høgtida.

 

Slik står det i Dagboka etter at Per Emanuelsen vart vigsla  til diakon i Nissedal kyrkje 10.01.85; «Ikke mulig å sove etter gårsdsdagens  og kveldens veldig opplevelse.». Dette  prostidiakonisamarbeidet  varsla og noko nytt når det galdt samarbeid mellom kommunane i regionen. Ikkje minst har det synt at det grunnleggande i slik samhandling er solidaritet og trua på effekten med det fine namnet ; synergi. I sine rapport om forsøksprosjektet skriv Rekkebo om tankane til stillinga kom frå hans arbeid med utviklinga av diakonien i Sør-Korea. Her hadde han hevda at ein måtte bygge opp og utruste folk , ikkje bygge nye institusjonar. I prostidiakonstillinga vart eit frø frå Austen planta i Vest-Telemark jorda, vaks opp og har til og med frødd seg vidare.

 

I samband med markering av 25-års jubileet er det planlagt ei fyrste markering i Nissedal kyrkje sundag 10.01.2010. Vidare vert det ei markering under Diakonisamlinga for Vest-Telemark sundag 11.04.10 i Kviteseid kyrkje.

 

Eilev Erikstein

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no