LOV Å VERA NÆR
DIakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 30.12.09
Eg har sett det ofte. No sist i Rauland. Verda stoppar opp. Nokon er blitt borte. Så gjerne ein skulle sett at slikt ikkje hende. Det meiningslause som berre er meiningslaust. Men det følgde ingen garanti med fødselsattesten.
Så mangt fins i sorga. Fortviling og sinne. Spørsmål utan klare svar. Uro og angst. Men òg varme handtrykk, klemmar og tårer. Bygder og menneske som bryr seg. Friviljuge som strøymer til. Røde Kors og politi, godt organisert, med bankande hjarter under uniforma.
Andre kjem med blomar. Gjerne utan ord. Med trøyst som ligg bortom det orda. Men stort er det at folk er der med seg sjølve.
Så tydeleg i slike dagar; at me alle er viktige. Det blir tomrom etter kva og ein av oss. Tydelegast for dei næraste. Men når ulukka råkar bygdene, får me alle lov å vere nære. Vera nær, høyrest ut som eit godt nyttårsønske det.
|