Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
TENN LYS FOR MILJØET

TENN LYS FOR MILJØET ( 16.12.09) Sundag den 20.12.09 vert alle vest-telemarkingar oppmoda om å ta seg til si næraste kyrkje for tenne eit lys og be ei bøn for miljøet.Still opp ved kyrkja di kl.20


 
 
 

BØNER TIL BRUK UNDER MARKERING 20.12.09 KL.20

 

Evige Gud, me takkar og lovsyng deg som skapte himmelen og jorda og alt som rører seg.

Me takkar deg for den innsatsen som vert gjort for skaparverket, men me er uroa over at Klimatoppmøtet i København ikkje kom fram til ei forpliktande avtale. Me ber om at dei som styrer i verda ser alvoret.

 

Miskunnsame Frelsar, du som ser nauda i verda og kjende smerte og angst på din eigen kropp. Me takkar deg for alle humanitære organisasjonar, politiske grupperingar, kyrkjer og trussamfunn som kjempar mot klimaendringane. Me ber for alle nasjonar og menneske som alt er ramma av endringane i klima.

 

Gode Heilage Ande. Me bed om vilje og styrkje til å leva meir berekraftig.

Gjer oss medvitne om kva for effekt me har på skaparverket. Hjelp oss til rettvis fordeling av ressursane. Hjelp oss å skape håp og tru på framtida, i ord og handling. Amen

 

SALME

 

Deilig er jorden,
prektig er Guds himmel,
Skjønn er sjelenes pilgrimsgang!
Gjennom de fagre
riker på jorden
Går vi til paradis med sang.

 

Tider skal komme,
tider skal henrulle,
slekt skal følge slekters gang,
aldri forstummer
tonen fra himlen
i sjelens glade pilgrimssang.

 

Englene sang den
først for markens hyrder;
skjønt fra sjel til sjel det lød:
Fred over jorden,
menneske, fryd deg!
Oss er en evig frelser født!

 

 

Diakonispalta i Vest-Telemark Blad 17.12.09

 

TENN LYS!

 

I helga var eg på klimaseilas til København. Framtida i våre hender og Kirkens Nødhjelp arrangert ein båttur ned til klimatoppmøtet. Undervegs var det seminar og dei siste oppdateringar på klimaforskning. I København fekk me høyre ein engasjert biskop og fredsprisvinnar Desmond Tutu. Tutu peika på eit hovudproblemet under forhandlingane. Kvifor skal U-landa kutte i sine utslepp, når det er dei rike landa som har skapt situasjonen? Det er ikkje rart at forhandlingane står i stampe.

 

Danskebåturen var fin den og nokre timar i København gjer seg alltid. Men vel heimkomen har eg byrja og vakne om natta, og uroe med over klimaendringane. Så vil mange seie at det er ikkje sikkert forskarane får rett. Men kan vi ta den risikoen? Samstundes har me ikkje tid til å vera pessimistiske.

 

Midt i mi maktesløyse og fortviling over framtida, vil eg tenne lys. Når lokalsamfunna har vorte råka av tragediar og ulukker, har folk kome til kyrkjene for å tenne lys og bed ei bøn. Difor vil eg bed alle om ta med seg fakkelboksar og gå til si næraste kyrkje og tenne eit lys utafor fyrstkommande sundag frå kl.20. 

 

Om noko veit at dei vil vere med på denne markeringa, er det fint om det kan sende meg ein mail om det.

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no