Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
NÅDE

NÅDE Diiakonispalta i Vest Telemark Blad torsdag 3.12.09

 

 

NÅDE

 

Det knirkar under skoa om dagen. Lyden av vinter. Godt å trekke lua godt over øyro, og glede seg over den kvite snøen som dekker bakken.

 

Som rein nåde har snøen ramla ned. Alt er lyst og klårt. Så er vel somme plaga med snøbrøyting og glatte vegar, men eg har kjent på sakne etter desse kalde vinterdagane. Tanken på at vintrane berre vert til slaps og gråvêr, fyller meg med sorg.

 

Klimaendringane er vorte tydelegare. Lengre og våtare haustar. Polis som smeltar alt fortare. Neste veke byrjar Klimatoppmøtet i København. Eg knepper hendene og ber om at  politikarar som teke ansvar. Så skal eg også ta min del.

 

Eg treng ikkje fleire utgreiingar .Kven kan hjelpe meg med handlingsalternativ? Kven kan gje meg von om at det nyttar?  Eg hugsar eg høyrte stolte forteljingar i min barndom om slektningar som fortalte om kva dei gjorde i kampen mot tyskarane. Alt no gruar eg meg til mine barnebarn tek til å spørje meg ut om min innsats: Kva gjorde du for berge klima og verda, bestefar?

 

Det vert heller ein pinleg ride-ride- ranke leik av slikt.

 

Sjå i nåde til meg, ber eg.

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no