VERDIAR I OKTOBER
( 15.09.09) Også i år set prostidiakonatet i Vest-Telemark verdiar på dagsorden. Nestekjærleik og menneskeverd står på plakaten i år. På Fn-dagen er det tid for nytt Verdiseminar.
For sjette gong arrangerer diakonatet i Vest-Telemark verdiseminar i samarbeid med Vinje kommune gjennom Kulturårshjulet.
I år der det Nestekjærleik og menneskeverd som er tema, då særleg kopla mot korleis vi møter eldre og andre, med demens.
Temainnleiarar er Oddveig Klyve, poet og filmregissør og Stig Roar Wigestrand, musikar.
Gjennom poesi og musikk fortel Klyve og Wigestrand om det smertelege tapet av minne hos ei aldrande kvinne. Dikta skildrar forholdet mellom mor og dotter i glimt som spenner frå barndom til demensavdeling. Tid og roller løyser seg opp og skaper forvirring, men og nye måtar å møtast på.
Eg hentar ein stol og set meg held deg klossete i handa Kvar er orda for dette å møtast i dette store rommet med blikk over alt Ei framand kvinne kjem bort og spør om eg vil følgja henne heim (Frå samlinga Det andre blikket)
Klyve og Wigestrand har synt førestillinga si mange stader, og og dette vil dette garantert vil røre mange som er, eller har vore, i liknande situasjonar.
Seminaret vil vere av stor nytte og for dei som arbeider med gamle i Vest-Telemark, særleg då familiar og helsepersonell.
Etter førestillinga vert det stutte innleiingar til samtale.
Tid: Laurdag 24. oktober kl. 11-14
Stad: Vinjehuset i Åmot
Pris: kr. 100 ved inngangen eller til konto nr. 2685 07 06947
Påmelding: Tenestetorget,
Vinje kommune 35 06 23 00,
tenestetorget@vinje.kommune.no
Enkel servering
Dette er det sjette verdiseminaret Vest-Telemark prostidiakonat arrangerer i samarbeid med Vinje kommune.
· Verdiar i Vest-Telemark i 2004
· Frivillig innsats i 2005
· Vest-Telemarkfylla i 2006
· Klimaseminar – vern om skaparverket i 2007
· Inkluderande fellesskap i 2008 (20 år med flyktningar i Vinje)
· Nestekjærleik og menneskeverd
Eit samarbeid mellom Prostidiakonatet i Vest-Telemark og Vinje kommune, Kulturårshjulet
|