VART DU BETRE ?
Diakonispalta i Vest Telemark Blad torsdag 28 august 2009
Eg har mange gleder i diakonarbeidet. Ikkje minst det å få vandre som pilegrim til Røldal. Denne veka er ein ny gjeng på veg over. Dei siste par åra har diakoni og psykiatri i Vest-Telemark hatt eit spennande samarbeid om ei haustvandring.
- Vart du betre , vart eg spurt vel heimkomen frå ei pilegrimsvandring. Vel hadde eg kjent sveitten på kroppen. I dei tyngste liene, rann det frisk frå panna. Men frå krusifikset i den gamle Røldals kyrkja frå 1200, datt det ikkje ein dråpe.
Likevel kjente eg meg betre etter vandringa. Beina var kvikke. Hovudet blåst for stress. Minnest terapeuten som fortalte at hans mål for alle samtaler, var at folk skulle gå ut frå kontoret hans med litt meir håp. Litt meir håp. Det er det eg får av over Haukelifjell.
Gå ut med trøyst, skap fred og be
At himlens rettferd følgjer deg
Da skal det store under skje
Der frosten bit, der svolten gneg
Da ser du han, i natt og vind
Di hand gir ut det liv han gav
Hans andlet skin, hans veg blir din
Når barnegråten stilnar av
(Edvard Hoem)
|