MED ANDRE ORD BOKLANSERING
(31.08.09) I dag er det stor festivitas på Waldenstrøm kl.11. Det er tid for boklansering av Med Andre Ord- ei inspirasjonsbok i diakoni. Hit kjem forfattarane Erikstein og Solbu, gjerne nokre pressefolk og biskop Olav Skjevesland.
Til boka vart Edvard Hoem utfordra til å skrive ei ny diakonisalme. Denne salma vert presentert av Joris Vale under boksleppet.
Bokprosjektet Med Andre Ord vart starta under ein togtur på veg til Kyrkjemøtet i 2007. Dette møtet vedtok ny diakoniplan. Definisjonen vart kort og klår : Diakoni er evangeliet i handling. Med meir ein femti års røynsle fann diakonane Erikstein og Solbu ut at no var tida inne til å skrive noko om diakoni. Desse idenen var godt teke i mot. Diakonforbundet og OVF løyde pengar. Prostidiakonatet ved Oscar J. Garnes tok på seg leiaransvaret for prosjeket. I IKO Forlag vart med godt motteke, og forlagskonsulent Ingvild Sandnes har gjort ein stor jobb.
Bilde: Frå Waldenstrøm kafe
|