VANDRINGA OVER FOR DENNE GONG
( 17.07.09) Årets pilegrimar frå Vest-Telemark kom fram til Røldal fredag tredje juli. Aldri har så mange vore med. Nesten femti vandrar dei tre siste dagane.Attendemeldingane etter dei ni vandringsdagane var mange og vakre:- Som eit einaste stort gjestebod, sa ein.
Det bilætet det var ein
undramann
for helst ved jonsoktider
det var so att sveitten sila og rann
ifrå alle sider
Det er som fyr oss alle lider
( Åsmund Olavsson Vinje i Storegut)
Åsmund Olavsson Vinje fortel i diktverket Storegut om ei pilegrimsvandring til det undergjerande krusifikset i Røldal. I våre dagar går nye pilegrimar frå Vest-Telemark til Røldal. Fredag 3.juli kom femti pilegrimar frå Vest-Telemark fram kyrkja i Røldal.
- Dette har vore som eit einaste stort gjestebod, uttrykte ein pilegrim etter sommarens pilegrims dagars vandring frå Vest-Telemark til Røldal.
Utsegna kan godt stå som ein hovudkonklusjon for årets pilegrimsvandring. Og eg tenkjer på Tarjei Vesaas som ein gong hamna i eit ordskifte om gjestfridom. Den eine etter den andre la ut om korleis dei behandla gjestene sine. Baud dei mat og seng. Diktaren avslutta samtala: - Hjå kònn seier me berre; Du blir vel over veten?”
Ein viss ironi kan ein tenkje over dette ordskiftet. Men det står fast at dagens pilegrimane vert teken godt imot i Vest-Telemark. Dei friviljuge – frå sogelaga og sokneråda , er : Frie, viljuge , og heite. Dette er kanskje eit av vandringas sterkaste kjenneteikn. Men så talar dei lokale eldsjelene om pilegrimsvegen som: Òkkos - eller vår veg
”Òkkos veg” og pilegrimsvegen er den same. Den dagen dette ikkje er sant, blir pilegrimsvandringa til Røldal noko anna ! Då gror vegen verkeleg att, og den store infrastrukturen mellom natur, kultur, tru, historie og menneske vert borte. Er det ingen som er stolt og glade over heimstaden vert det ingen ting å syne fram.
Er ein stolt og trygg over det ein har å syne fram, kan ein òg vera raus med dei ein møter. Raust, er kanskje eit anna stikkord. Raust heile vegen. Mange namn kan nemnast. Dei fleste vil seie som dei rettferdig i bibelsoga : ” Når såg vi deg svolten, eller tørst eller framand ?
Pilegrimsvandringa gjev folk rom for refleksjon, lengt og undring. Og skulle ein undrast over kvifor folk ein møter på vegen er så gode, får ein finne ein måte å gjeva det gode frå pilegrimsvandringa til Røldal vidare. Då har vel det undergjerande krusifikset i Røldal nok ein gong synt at det har helbredande krefter?
Fekk nokon av sveitten den minste dogg
Vart sjukdomen yvervunnen
Um sjuke eller halte eller sår av hogg
Han var som til livet funnen
Med lovord i sæle munn.
(Frå Storegut(
Ei pilegrimsvandringa gjennom Vest-Telemark god hjartemedisin. Både for dei som går, men og dei som har gleda å møte dei vandrande. Dei som får lov å vera hjarteleg gode. For alle gjeld det gamle ordet frå Ordtøka: ”Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på, for livet går ut frå det.”
Eilev Erikstein
|