Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
FJELLKYRKJA VIGSLA

FJELLKYRKJA VIGSLA ( 22.06.09) Det var ein høgtidsdag på Skafsåheia sist sundag.Den nye fjellkyrkja vart vigsla.

 

Tru kan flytte fjell, heiter det. Om ein ikkje får flytta fjellet, får kyrkja flyttast opp på fjellet, tenkte eldsjelene som byrja arbeidet med ei fjellkyrkje på Skafsåheia.

 

Sundag var det høgtidleg vigsling ved biskop Olav Skjevesland. Folk kom frå aust og vest denne dagen. Det er ein gamal idé som no er realisert. Sokneprest i Mo Bjarne Nenseter lanserte tanken på 1960-talet. For vel 20 år sidan vart det nedsett ein Fjellkyrkjenemnd i Skafså sokneråd. Mykje dugnad er lagt ned i prosjektet.

 

Men utan det gode samarbeidet eldsjeler og etter kvart Tokke kyrkjelege fellesråd har hatt  med Norsk Feltspatkompani, kunne ikkje kyrkja blitt ferdig så fort.

 

 Biskop Olav Skjevesland helsar på Gerhard Skaret etter vigslinga.

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no