Framsida
Adventskalender
Diakonalgang
Diakonispalta 2009
Kort om diakoni
Aktivitetar
Diakonispalta
Pilgrim i
Vest-Telemark

Diakoniprisen
Diakoniutval
Årsrapportar
Ressursar
Verdt å heidre
Styret
Historikk
Nyttige lenker
Kontakt
EIT LØYNKAMMER FOR TRUA

EIT LØYNKAMMER FOR TRUA Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 14.mai 2009

 

I desse dagar togar kvitkledde konfirmantar ut or kyrkjene. Kva sit att etter konfirmantåret, undrast eg ofte? Det svaret kjem kanskje fyrst når konfirmantane om femti år kjem til gullkonfirmantfest. Då står der dei der blussande og flotte som nyvaska femten åringar og fortel om pugging av salmevers og teiknestift på prestestolen.

 

Ein jubilant var mest takksam for at presten hadde bedt dei skaffe seg ei  løynkammer. Eit løynkammer inne i  seg sjølv. Eit rom der ein kan bale med tru og tvil. Meininga med livet.  Rope til Gud, knyte never eller falde hendene. Ein plass der ein kan få uttrykt det som elles ikkje er lett å få sagt. Ein liten hybel for dei store spørsmål.

 

I løynkammeret kan trua falde seg ut. Her kan ein opne seg for Jesus. I bøn og stille. Ting som det er vanskeleg å uttrykke elles. Å vera femten og seie at ein trur på Jesus, er ikkje noko godt sjekketriks!

 

I løynkammeret kan trua overleve slitsame ungdomsår. Eit lite løynkammer for trua, finn ein ikkje på gåvebordet, men eg ønskjer at konfirmantåret  har opna dette rommet.   

 

Prostdiakonen i Vest-Telemark, 3880 Dalen, mobil 911 13 580, epost: eilever@online.no