NOK EIN NY-I-TOKKE-KVELD
( 24.04.09) I Tokke har kommunen og kyrkja eit samarbeid om å lage kveldar for nyinnflytta til Tokke. Denne veka vart det arrangert nok ein kveld.Målet er ved sida av og samlast, og bli litt kjent på ulike stader i kommunen.
Samlinga denne gongen på den nye og flotte fjellkyrkja på Hallbjønnsekken. Tiltaket var gjort kjent gjennom meldingar til skular og andre store arbeidsplassar i kommunen.
Me vart ikkje den store flokken på denne samlinga, men polske Anetta og Thomas frå Krossli kom. Eldsjelene i fjellkyrkja servera vaflar og kaffi. God sjømannskyrkjekjensle høgt til fjells, vart det.
Bilde: Tomas og Anetta vert interjuva av VTBs Stein Olav Lie
|