VERDIEN ER MENNESKET
Diakonispalta i Vest-Telemark Blad torsdag 23.april 2009
I dag er alle som er eller kjenner seg nye i Tokke bedt med på tur til den nye fjellkyrkja på Hallbjønnsekken. Dei siste åra har Tokke kommune og kyrkja skipa til ”Ny-i-Tokke-kveldar”. Kveldane har gjeve høve til sosialt samvær, og det å bli litt kjent i kommunen. Førre gongen var det nye Kulturhuset på Dalen som var møtestad.
Det er lett å tenkje at det er oljen som har gjort oss rike her i landet. Det er berre delvist sant. 80-85 % av verdiskapinga skjer gjennom hjernekraft , fortalte ein radiostemme her om dagen. Slik er det òg Tokke. Verdien er menneska, sjølv om kraftinntektene er gode å ha. Så treng me mange gode folk som kan auke rikdomen mellom oss – med alt det dei sjølve er.
Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og aukar den rikdom som finst før
med alt det dei sjølve er
(Halldis Moren Vesaas)
|