Koret har i meir enn ti år vore ein viktig bidragsytar i gudstenestelivet og andre arrangement i Tokke. Koret skaper liv og glede. Dei samlar barn og ungdom fast ein gong i veka til øving. Hit kjem foreldre, små og større born og halvvaksne ungdom som lagar eit diakonalt fellesskap.
Det var styreleiar for Diakonatet i Vest-Telemark Oscar J. Garnes som overrekte prisen til ein av korleiarane Elin R. Erikstein under diakonisamlinga i Grunge kyrkje sundag kveld. Prisen vart delt ut for 16.gong.
Tidlegare Diakoniprisvinnarar i Vest Telemark:
1994:Gotfred Rekkebo (post mortem)
1995:Vest-Telemark Blad
1996:Kirkens SOS i Telemark
1997:Nattcaféen i Treungen
1998:Anna Midtgård, Kviteseid
1999:Kari Veum, Nissedal
2000:Bjørn Hove, Møsstrond
2001:Kirsti og Magne Skjæveland, Kviteseid
2002:Diakonitenesta for skogsleiren i Fyresdal
2003:KFUM-speidarane i Vinje og Edland
2004:Waldenstrøm Kafe, Kviteseid
2005:Oddvar Ripegutu, Søgne
2006:Arthur Haugen, Tokke
2007: Ungdom hjelper ungdom,(Kvitsund prosjektet).
2008: Leiv og Signe Sølyst, Fyresdal