DIAKONISAMLING I GRUNGE KYRKJE
Diakonispalta i Vest Telemark Blad torsdag 16.04.09
Sundag er det Diakonisamling for Vest-Telemark. Staden er Grunge kyrkje og tema er ” Pilegrimsvandringar.” Pilegrimstanken handlar om menneske og idèar som vandrar. Slik det har skjedd med prostidiakonmodellen.
Det var etter ei diakonisamling i Fjågesund 1979 at diakon Gotfred Rekkebo fyrste gong nytta ordet prostidiakon:
”Hvilke framtidskonturer vil tegne seg opp for Fjågesundsmøte deltagerne. I denne kirke vil vi få føle mye sterkere enn nå at vi tilhører et aktivt bispedømme, og et meget levende prosti, betjent av et nært prostråd. Og dette råds diakoniansvar vil kreve ansvarsgrupper, og mye tyder på at om 20-25 år, så har alle prostier i Norge en slik ordning. Ansvarsgruppa og prosten vil ha til sin rådighet en prostidiakon.»
Så vart vel ikkje Rekkebo heilt sannspådd. Men likevel starta dette ei diakonisatning der Vest-Telemark er modellen for andre delar av landet.
Dette er det vel verdt å glede seg over. Sundag er alle velkomne til Grunge kyrkje. Fyrst dei som er innkalla til årsmøte. Så alle andre som kan ta del i gudsteneste, bli servera god mat, høyre om pilegrimsvandringar, sjå kven som får Diakoniprisen og få seg ein god prat.
|