PROSTEN VERT SEKSTI
( 10.03.09) Idag fyller prost Øyvind A. Jørgensen seksti i år.Opphavelg frå Larvik, men etterkvart med mange vest-telemark år bak seg.
Han har vore ein trufast tenar i kyrkja i Vest-Telemark sidan 1982. Då byrja han som kallskapellan i Kviteseid. For tre år sidan overtok han som prost i Vest-Telemark. Bustaden og kontor har han på Dalen.
Øyvind har alltid vore ein varm talsmann for prostidiakonen. Ein god mann å ha i Diakonatstyret. Ellers er han glitrande innan song og musikk. Og har ein skrive- og språksans som gjer han til ein ypperleg kyrkjelydsredaktør.
Diakonatet gratulerer så mykje på denne store dag.
|